Commons:Velkomen
Kva er Wikimedia Commons?
Wikimedia Commons er ein database med 109 360 788 mediefiler. Databasen er oppretta av og blir røkta av frivillige brukarar, og ikkje av lønna arkivarar. Namnet «Wikimedia Commons» er satt saman av navnet til paraplyorganisasjonen Wikimedia som administrerer alle Wikimedia-prosjekta, og ordet commons, som tydar «(ein plass) for alle» eller «felles (-område)». Dette namnet vart valt fordi innhaldet i databasen er delt av fleire språkutgåver og ulike Wikimedia-prosjekt. På denne måten fungerar Commons som eit sentralt magasin for frie fotografi, diagram, animasjonar, musikkfiler, videoklipp og mediefiler av alle slag som er nyttige for eit eller fleire Wikimedia-prosjekt.
Wikimedia Commons brukar den same wiki-teknologien som Wikipedia. Innhaldet i databasen kan difor lett redigerast/endrast direkte i nettlesaren. Du treng ikkje avanserte tekniske kunnskapar for å gjere slike redigeringer. Når du lastar opp filer på Commons, kan filene setjast inn i sider på alle Wikimedia-prosjekta, utan at du treng å laste opp den aktuelle fila der også. Slik skil mediefiler på Commons seg frå mediefiler som vert lasta opp på dei andre prosjekta.
Wikimedia Commons vart lansert 7. september 2004. Den 24. mai 2005 hadde databasen 100 000 opplasta mediefiler. Databasen inneheld no 109 360 788 filer og $2 samlingar. Du kan finne meir bakgrunnsinformasjon om Wikimedia Commons på Generelle atterhald, Wikipedia-artikkelen om Commons og sida på Meta-wiki.
Til skilnad frå tradisjonelle mediesamlingar er Wikimedia Commons fritt. Det tyder at du kan kopiere, bruke og modifisere alle filene i denne databasen utan restriksjonar, så lenge du navngir kjelda og skaparen dersom skaparen har satt krav om det, og så lenge du frigjev dine kopiar/modifikasjonar til andre like fritt. Ver likevel oppmerksom på at nasjonale lover, til dømes om opphavsrett til kunstverk, kan sette grenser for dette. Sjølve Commons-databasen og tekstane den inneheld er lisensiert under GNU fri dokumentasjonslisens. Lisensvilkåra for kvar enkelt mediefil finst på skildringssida. Meir informasjon om bruksvilkår …
Delta
Du betrar Wikimedia Commons mest dersom du bidreg med det du kan best:
Bidra med dine arbeid
Dersom du er ein dyktig fotograf, ikkje nøl med å bidra med dei verdifulle bileta dine. Dersom du er ein dyktig teiknar, sjekk kva diagrammer og animasjonar som er etterspurde. Dersom du er ein dyktig musikar eller film-/teaterkunstnar, ikkje nøl med å publisere framføringane dine av frie stykke her.
Bidra med det du kan best
Du treng ikkje å laste opp dine eigne filer. Det er nok av anna viktig arbeid å utføre òg:
- omsett hjelpesider til andre språk enn engelsk.
- forbetre bilete.
- identifiser ukjente motiv.
- Bidra med juridiske kunnskapar om opphavsrett og spørsmål om sletting.
Bidra med tida di
Du treng verken vere kunstnar eller god til å skrive hjelpesider. Dersom du likar å skape orden frå kaos, så treng vi di hjelp!
- Kvar gong du ser ei fil med mangelfulle lisens- eller kjeldeopplysninger, merk den med
{{subst:nsd}}
. - Gje ukategoriserte sider ein kategori.
- Move files into relevant subcategories
- Free media resources are waiting for an inclusion into this project.
- Nominer eller stem på utvalde bilete (berre registrerte brukarar).
- Find and revert vandalism
Tour
Registrer deg
For å kunne laste opp filer på Wikimedia Commons, må ein vere logga inn. Du kan registrere deg ved å klikke på Log in/create account i øvre høgre hjørne og opprette eit brukarnamn som vil verte brukt på alle opplastingane og redigeringane dine på bilete og tekst. Du treng imidlertid ikkje å vere logga inn dersom du berre ynskjer å endre sider (sjølv om det er anbefalt).
Dei fyrste stega
introduksjonen vår og svara våre på ofte stilte spørsmål vil hjelpe deg etter registreringa. Dei forklarer korleis du innstiller brukargrensesnittet (til dømes språket), korleis du lastar opp filer og den grunnleggjande lisensieringspolitikken vår. Du treng ikkje tekniske kunnskapar for å bidra her. Ver uredd og legg til grunn at andre brukarar har gode hensikter. Dette er ein wiki – det er veldig lett.
Meir informasjon er tilgjengeleg på brukarportalen. Du kan stille spørsmål på Tinget eller på IRC-kanalen #wikimedia-commons webchat.
Filer på Wikimedia Commons er organiserte i kategoriar og galleri. Ei oversikt over kategoriane vi brukar er tilgjengeleg på hovudsida.
Put Babel boxes on your user page so others know what languages you can speak and indicate your graphic abilities. All your uploads are stored in your personal gallery. Please sign your name on Talk pages by typing ~~~~. If you're copying files from another project, be sure to use the FileImporter.
Vidare tenester og programvare
Dersom du framleis fryktar at det er for komplisert eller du ynskjer å laste opp større mengder av arbeidet ditt, kan du bruke filopplastingstenesta for å la andre brukarar laste opp filene for deg. Dersom du vil laste opp eit større antall filer sjølv, er programmet Commonist nyttig. Dersom du treng informasjon om verktøy til å sjå eller endre innhaldet, sjå programvaresida.
Vi håpar du vil finne deg til rette og ha det kjekt på Wikimedia Commons.